Alle tekster

Arne Ingvaldsen · 2019

Tale ved åpninga av Magnar Moens utstilling i Galleri Langegården: «Å møta eit noko»

Eg er så heldig at eg vart beden om å seie nokre ord til Magnar Moens utstillingsåpning her i Galleri Langegården. Det er meg ei ære, for Magnar står for meg som ein bauta innanfor norsk teiknekunst. Om du er stilt overfor eitt av hans arbeid på tjue meters avstand, eller for den saks skyld, om du ser det frå fly, treng du ikkje spørje om signaturen - du veit med ein gong kven som har laga det. Hans måte er særeigen, han liknar ikkje på nokon, og det er heller ingen som liknar på han.

Samtidig er det ikkje er lett å seie noko «fornuftig» om arbeida, for teikningane unndrar seg hardnakka alle tankelogiske tilnærmingar. Same kor mykje ein halar og drar i teikningane bøyer dei unna for rasjonelle forklaringar og begrunningar. Så når ein prøver å seie noko i standardspråk er det ikkje enkelt. Eg er derfor nødt til å stole på eigne subjektive inntrykk og innfall. Og dei sparsomme kommentarane som Magnar har gitt.

Ein måte å nærme seg kompliserte ting på, er å tale i likningar, i analogiar. For at mine ord ikkje skal blir altfor tørre, tar eg utgangspunkt i noko vått: Vin. Eller, rettare sagt, det å snakke om vin. Har du lest artiklar om emnet, vil du vere godt kjent med vinsmakarane sine faguttrykk. Det er folk som klarar å snakke om ting som ikkje er eintydige! Du les om «hint av bjørnebær», «spor av eple», «minner om sitrus», «preg av mørke bær», «innslag av urter og blomst», «varm ettersmak».

Magnar sine teikningar er på ein måte parallelle med vin på ein vindskeiv måte. For er det noko dei har i mengder, så er det nettopp dette: «hint, spor, minner, preg, innslag av noko». Men dei viser i andre retningar enn vinen, og til heilt andre univers.

Eg har sett gjennom delar av det han har laga etter år 2000, og begynte å notere stikkord som umiddelbart fall meg inn ettersom eg såg. Til å begynne med gjekk det seint, men så oppdaga eg at pennen knapt nok kunne halde fart med alle assosiasjonar som dukka opp, og eg måtte skrive så fort eg kunne.

Eg kan referere eit utval av mine særdeles subjektive stikkord. Først frå dei teikningane som han gjorde mellom 2000 og ca. 2010:

  • - Spindelvev
  • - Noko insektaktig, noko som er innestengt i rav
  • - Glassmanet
  • - Inntørka rennemerker på glass
  • - Tømme blæra
  • - Tid, noko som blir stroke ut
  • - Lytting
  • - Opning mot dagslys

Så nokre stikkord frå teikningar etter 2010 og til i dag:

  • - Storm i vente
  • - Oppriven kropp
  • - Slaktehus
  • - Frosk om våren
  • - Knokkel, kne, senar
  • - Vilter song
  • - Bikkjeslagsmål
  • - Orkestermusikk

Denne oppramsinga av stikkord kan virke tilfeldig, men eg meiner det stig fram eit grovt og likevel klart bilde av Magnar si utvikling over snart 20 års tid. Dette er viktig å ha med seg. For ein kunstnar kan det medføre problem å ha ein så innarbeida ytringsmåte gjennom mange år, nemleg at nokon kan komme til å tru at det ikkje har skjedd ei utvikling.

Det stemmer ikkje, for her er endringar i gang. Men dei kan virke subtile. Eg har eit inntrykk av at fram til ca. 2010 var arbeida ofte lyriske, prega av lette, transparente romvirkningar. Rom, lys og følelse av vatn og luft er sterkt nærverande. Somme teikningar minner meg om akvarellar.

I åra etter ca. 2010 vart dei meir dramatiske, med mørkare undertonar og vekt på tett, fysisk materie og styrke. Det nye, som vi ser her i dag, er ein utvida bruk av virkemidlar. I tillegg til kol brukar han nå grafitt og sot. Grafitten har ein kjølig karakter i forhold til kolet. Og sot gir ein mørkare svart enn det kolet klarar. Formulert med hans eigne ord er det dei transparente, fleksible og homogene eigenskapane i desse materiala som blir prøvd ut.

Eg vil gjerne sitere Magnar litt vidare:

Kraft og tyngde i det mørke og svarte møter strek som vekslar i styrke i romskapande banar eller kryssande spor. Det handlar om samantrekking, ekspansjon og oppløysing.

Da teikningane ikkje har direkte utanforliggande referansar, vil merksemda dei påkallar retta seg mot det visuelle og taktile som ligg nedfelt i sjølve arbeidsprosessen. Spontane hendingar og risikable koblingar er teke vare på.

Alt dette innbyr til subjektive tolkningar der noko lystig eller katastrofeprega kan ha plass.

Sitat slutt.

Eg merker meg at han snakkar mest om prosess og om virkemidlar, ingen ting om intensjonar eller inspirasjonar. Nokre vil seie det høyrest abstrakt ut, men eg foretrekker å kalle det konkret.

Utstillingen i Galleri Langegårdens arkiv (2019)